13/11/2012

Britannia road 22 - Amanda Hodgkinson

Boka handlar om Janusz, Silvana og åtte år gamle Aurek.

Den andre verdenskrigen er slutt. Silvana og Aurek gjeng om bord i eit skip som skal føre dei frå Polen til England. Der ventar Janusz på sin vesle familie som han ikkje har sett på seks år.  Han har kjøpt eit lite hus.  Han jobbar nå med å plante ein fin engelsk hage som velkomst.

Under krigen har Silvana og Aurek budd i skogen.  Silvana er ein skugge av seg sjølv, og ho bær på ein hemmelighet ingen må få kjennskap til.

Dette er Amanda Hodgkinsons debutroman.  Den handlar ikkje berre om krigens redsler, den handlar òg om at krigen har forandra dei alle, og at det er vanskeleg å finna tilbake til kvarandre etter så mange år.  For å skape ein heim må dei innsjå alt som har skjedd under krigen, og Aurek må få vera den han verkeleg er.

Eg synes romanen er god, den handlar ikkje berre om krigen,
men òg om kjærleik, tap og tilgjeving.

ANBEFALES AV ASBORG
Finn boka i bibliotekkatalogen