07/06/2011

Aldri alene - Lori Lansens

Omslagsbilde

Boka ”Aldri Alene” handlar om tvillingsøstrene Rose og Ruby som er samanvokst i hodet og delar ei viktig blodåre som gjer at dei ikkje kan skiljast - og tvillingane er ganske forskjellige. Den handlar om livet med ein annan utan aldri å få vera for seg sjølv,den handlar om kjærleik og venskap, og det å leva eit annleis liv.

Rose skriv bok om livet sitt med innlegg av systera Ruby. Mora deira er ung, lite interresert og rømmer frå sjukehuset utan mest å sjå jentene sine etter fødselen.

Lovey blir ”mora” deira. Ho arbeider som sjukesyster på same sjuke-
huset. Ho tek dei med heim, og saman med mannen sin, slovanske
Stash, let dei jentene veksa upp saman med dei på garden og prøvar å
gje dei ein normal uppvekst.

Boka har ei spanande blanding av komedie og tragedie. Den er lettlest og godt skrivi. Eg synest det var vanskeleg å leggja ho frå meg.

ANBEFALES AV ASBORG