30/04/2013

Kunsten å høre hjerteslag - Jan-Philipp Sendker

Boka startar med at ein advokat i New York, Tin Win, reiser frå kona og dottera Julia utan forklaring.  Dei veit ikkje kor hen, heilt til dei finn eit kjærleiksbrev som han skreiv for mange år sidan, adressera til Mi Mi, ei kvinne i ein landsby i Burma som óg er Tin Win sitt  heimland.  Julia reiser dit for å leite etter faren.  På eit tehus møter ho ein eldre mann som kjenner Tin Win, og han fortel om den livslange kjærleiken mellom Tin Win og Mi Mi. Ei utruleg historie.

Boka vekslar mellom ei historie frå fortida som koblas saman med ei frå nåtida.Me får høyre om ein blind gut som lever i ein verden av intense lydar.  Han har god hørsel, høyrer alt frå menneska sine hjarteslag til sommerfuglenes vingeslag.Som liten mistar han faren i ei arbeidsulykke, og mora reiser frå han.  Ei nabokone tek hånd om guten, og han møter krøplingen Mi Mi som bevegar seg ved å krabbe. Desse to er meint for kvarandre frå fyrste stund.

Me får eit innblikk i Burmas kultur og tradisjonar, får høyre om ein kamp mellom godt og vondt, da Tin Win`s fjerne onkel vil gjera opp for gamle synder.  Tin Win og Mi Mi blir da adskilt i mange år.

Forfattaren seier sjølv at alt han veit om kjærleiken og livet, har han lagt i denne boka. Den har mykje klokskap og visdom i seg.  "Kunsten å høre hjerteslag" er ei bok eg synest kan anbefalast til alle.  Kjempegod.

ANBEFALES AV ASBORG