10/05/2012

Lappskatteland. En familiesaga - Annica Wennstrøm

Året er 1861 og Njenna lever med familien sin i Åsele lappmark i Sverige. Ting gjer at Njenna forlater familien sin og reiser sørover for å starte på nytt. Før Njenna reiser, vev ho eit par fine skobånd til kjærasten sin.

”Lappskatteland” er ein slekts- og kjærleikshistorie som spenner fra 1860 talet til i dag. Forfattaren fortel om fire generasjonar kvinner.  Ho vekslar mellom fortid og nåtid på ein fin måte.

Mange, år seinare -   Ei ung jente finn eit par falma, men fine skobånd på loftet hjå mora.  Ho veit at mora ikkje vil vedkjenne seg sine samiske aner.Denne jenta bestemmer seg for å reise nordover til Karasjok.  Ho ynskjer å lære om samenes kultur og deira levemåte.  Her møter ho ei samisk kvinne Sara som har mykje å fortelja, og ho får ein følelse av stolthet og respekt over sitt opphav.

Wennstrøm skriv om ein kultur som langt på veg er borte, ho skriv om overtru, magiske evner og om fortidas samer.
     
Boka har ei ordliste med samiske uttrykk, dessutan eit familietre som er greitt å bruke under lesinga.

Dette er ei god og lærerik bok.


ANBEFALES AV ASBORG
Finn boka i bibliotekkatalogen