16/01/2012

Midt i mellom - Jean Kwok

Forfattaren Jean Kwok emigrera frå Hong Kong som barn og fekk sjølv kjenne på kroppen kva det vil si å veksa upp mellom to kulturar og eit framand språk. "Midt imellom" er ein slik roman.

Kimberly og mora hennar emigrerar frå Hong Kong til Brooklyn, der det er stor fattigdom. Leiligheten dei flyttar inn i har inga form for oppvarming og er elendig på alle måtar. Kimberly føler eit stort ansvar, og ho gjer alt for å skjule fattigdommen dei lever i. Mora får etterkvart jobb på ein tekstilfabrikk med lange slitsomme dagar og dårleg løn. Kimberly ser korleis mora slit, og snart byrjar ho eit dobbeltliv.  Ho er flink skuleelev om dagen, og er moras hjelp på fabrikken i Chinatown om kvelden. Av dei to er det mora som har det vanskelegast.  Ho strevar med språket og møter ingen respekt. Forfattaren skriv i innleidinga at boka er ein hyllest til mora.

Eg synest boka er god. Den har mykje trist i seg, men òg mykje kjærleik og varme og den er full av optimisme.

ANBEFALES AV ASBORG
Finn boka i bibliotekkatalogen