05/10/2011

Reisen hjem - Lori Lansens

”Reisen hjem” er ein roman med sterke følelser, den skiftar mellom to tidsplan.
Me blir kjent med Sharla, ei fem år gamal mulattjente, som både har opplevd omsorgssvikt og trakkasering.  Ho bur på ein campingplass i Ontario i Canada, og her blir ho forlatt av den kvite mora si som plasserar ho hjå den svarte kvinna Addy.

Addy er ei  sjuk eldre dame med sterke meiningar og eit stort hjarte for alle ho er glad i. Ho åpnar heimen sin for Sharla og gjev både seg sjølv og Sharla eit nytt liv.

Addy har hatt eit vanskeleg liv.  Som gravid 15 - åring vart ho jaga ut av barndomsheimen sin i den vesle landsbyen Rusholme, men ho er sta og sterk og klarar å stå oppreist. Ho får etterkvart ein sterk lengsel etter å reise heim til Rusholme. Sharla blir med ho, og det blir eit veldig møte med fortida. Avslutninga er spesiell og den overraskar.

Eg synes boka er god. Fint skrivi om vennskap mellom gamal og ung – den er varm, den er tragisk, men har óg mykje godt i seg.

ANBEFALT AV ASBORG