31/01/2013

Syersken i Khair Khana - Gayle Tzemach Lemmon

Livet forandra seg da Taliban kom og tok kontrollen over Kabul.  Kva gjer ein når mennene må  flykte frå Taliban og kvinnene blir nekta å gå på arbeid?
Boka fortel om Kamila. Far hennar og ein eldre bror måtte flykte. Sjølv måtte ho slutte som lærar.  Ho fekk hovedansvaret for familien som bestod av ho sjølv, 4 systre og ein yngre bror. Ho starta opp med kjolefabrikk i heimen, lærde opp sine søsken og med livet som innsats skaffa ho butikkeigarar som ville selja kjolane hennar. For å gå ute, som var veldig risikabelt, måtte kvinnene gå kledd i burka, og gå samanmed ein mannlig slektning, ”Mahram”.  Kamila gjekk saman med sin lillebror på 11 – 12 år. Han fekk oppgava som ”Mahram”.
 Kamilas kjolefabrikk blei også til hjelp for andre kvinner og deira familiar.  Ho høyrde til ein bemerkelsesverdig familie som risikerte alt for at dei alle skulle overleve.
Ei lærerik og leseverdig bok som handlar om mot, vilje, håp og ei veldig ansvarsfølelse.

ANBEFALES AV ASBORG
Finn boka i bibliotekkatalogen