17/02/2011

Barnepiken - Kathryn Stockett

Handlinga i ”Barnepiken” tek for seg mørkhuda kvinnelege hushjelper som
arbeider for kvite koner.  Dette foregår i Mississippi i byen Jackson tidleg på
60 talet. Skeeter er ei ung kvit kvinne som ser kor urettferdig dei mørke hushjelpene blir behandla, og ynskjer å gjera noko med det.  Ho vil skriva ei bok.Til å vera med på  dette bokprosjektet får ho med seg dei to mørke barnepikene og hushjelpene Aibileen og Minny.Dette kan vera  risikabelt for alle tre, så bokskrivinga foregår i all hemmelighet.

Eg synes denne boka er ei av dei beste nyare bøker eg har lesi, greidde nesten ikkje å leggja ho frå meg.  Samtidig som den var både trist og spennande, hadde den og ein del humor.  Det var ei lærerik bok, og ei bok til ettertanke.


ANBEFALT AV ASBORG

Finn boka i bibliotekkatalogen